onsdag 16. februar 2011

Raw fruktkake!

Denne kaka er kjempe enkel å veeeeeldig godJ Eg serverte den til familien min, som stort sett har vore vant med kveitemjølskake med egg i. Alle syns kaka var godJ både store og små. Den er en sikker vinnar å med mykje gode vitaminar.
Til bunnen:
500 gr valnøtter (knusast i food prosessor eller i blender, best med food prosessor for den er størst)
250 gr økologisk kokosflak
Ca 15 store dadler
3 klyper himalayasalt (pass på at den ikkje blir for salt)
1 ½ ts vaniljepulver
Bland desse ingrediensane saman i food prosessoren. Pass på at det ikkje blir for tørt for da dryss kaka i frå kvarandre og at du ikkje kjører det for lenge i FP. Spe på med fleire dadlar viss det verkar for tørt, og meir kokos viss det er for seigt. Deigen skal vere sånn at den klistrar seg saman og kan formast.
Eg brukte en vanlig rund kakeform på ca 23 cm i diameter, men du kan bruke kva som helst. Det er litt kjekt å ta av ringen på kaka når ho er ferdi og sjå kor fin ho blir, så tenk på det når du veler kva den skal vere iJ
Ha papir i bunnen på forma, fest ringen og tøm nøtte deigen ned i. Jamn det utover bunnen og legg deig oppover kanten. Form det som ei skål. Kanten på mi kake var ca 1-2 cm høg og ½ cm tjukk. Eg pressa deigen saman med hendene og fikk en fin form.
Så kutta eg opp frukt som kivi, jordbær, druer, eple i små bitar og la oppi. Så pynta eg med pasjonsfrukt. Eg laga også en jordbærsaus av 400 gr. frosne jordbær, 1 ts vaniljepulver, 1 ts sukrin og eplejuice til passe konsistens. Jordbærsausen har eg i en skål ved sidan av så gjestane får bestemme sjølv kor mykje dei vil ha på.
I same slengen har eg lyst å vise dokke korleis kjøleskape vårt ser ut i disse dagarJ  Det ser litt annleis ut enn det gjorde før i tida. De er ganske lenge sida vi har hatt mjølk, sukkerholdige syltetøy og anna ferdigmat der inni. Det er eigentleg en fornøyelse å sjå inn til all den gode maten. Mykje fine fargar og god næringJ
For deg som har lyst til å skifte kosthal, så begynn i det små. Begynn med det du veit du kan slutte med og tilfør meir frukt og grønsaker til ditt og dine barns liv. Ting som ein kan slutte å ete er kveitemjøl, sukker, mjølk. Dette er produkt som hindrar deg i å ha stablit blodsukker og mjølk hindrar deg i å kunne ta opp dei vitaminane som du elles kunne fått i deg meir av når du spiser frukt og grønt. Eg har kutta ut desse produkta pluss e-stoff, Toro pakkar, pølser, og elles matvarer som er behandla og fulle med e-stoff og sukker. Eg merkar det godt på kroppen. Eg har en gang vore sukkerjunky, men no er det full stopp. ALDRI MEIR!!! Eg har mykje meir energi til mann og barn etter eg skifta kosthald. Bonusen er at eg går ned i vektJ
VIKTIG: Husk at når du kuttar ut disse varene tilfør koppen nok vitaminar og mineralar. Juice Master er til veldig god hjelpJ

Lykke til



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar