onsdag 4. mai 2011

Supermat og Raw food!

Eg har fått spørsmål om kva denne maten gjer for oss og når spis vi den.
Denne maten spis vi kvar dag, eg har lagt om kosthaldet fullstendig både på grunn av mi eiga helse og barna si helse,,, ja og so klart mannen også merka jo det:) Vi har kutta ut gluten, mjølk, sukker og e-stoff i kosthaldet vårt og tilført supermat og raw food.
Supermaten har gjort at energien min har økt veldig og eg klarer meg gjennom dagen til tider utan stoffskifte medisin.
Etter at eg slutta å ete brød, har fordøyelsen blitt betre og eg har ikkje eksem lenger. Om eg et brød no, merker eg det med en gang og blir låk i magen. Barna mine er også heilt friske; ikkje mageverk, eksem eller noen form for helseplager.
Kosthald er ekstremt viktig å passe på for sjukdom kjem ikkje av ingenting. Tenk som dyrlegen: Er dyra sjuke, sjekkar han foret. Legen seier til oss når vi er sjuke at i skal skifte kosthald, men gjer vi det?.....Valet er vårt! Vil vi ta medisin eller ikkje.
Rawfood er mat som er intakt og ikkje varma opp meir enn max 45 grader. Der er så klart litt mat som kan varmast opp litt meit ca 60 grader utan at den blir øydelagt. Supermaten er også raw og skal ikkje varmast opp for da mister det vitaminer og antioksidanter.
Grønsaker som blir kokte mistar enzyma og det er dei som hjelper kroppen vår og holde seg rein = god fordøyelse. Vitaminene i kokte grønsaker er mykje borte. Eg drikk mykje smoothis, spis salatar og gjerne fisk med wok til middag. Eg spis ikkje berre raw food, men har det som et supplement og prøvar å fokusere på at det er det eg skal ete mest av. Til barna er det heilt supert og kutte opp forskjellige rotgrønsaker til middag og til kvelds for den del. Trur dei synest det er best når dei får knaske ferske grønsaker fram for kokte. Frukt har vi lett tilgjengelig i kjøleskapet så barna får forsyne seg så mykje dei vil av det.
Smoothe lager vi til frukost og til kveld, så et eg gjerne en salat til lunsj. Middag varierer fordi vi har så mykje allergi i heimen. Alt blir laga frå grunnen av utan sukker, e-stoff, mjelk og gluten… :) Når eg er heime med barna aleine kan vi godt ha en grøn smoothe til middag og en heil melon på deling etterpåJ Enkelt, næringsrikt og veldig, veldig sunt.
Alle produkta mine kjøper eg på www.iherb.com og på helsekost i Ulsteinvik eller i SandvikaJ Om du bestiller varer fra Iherb, kan du bruker kode ODU822 så får du 5 dollar i rabatt.

Eg er Nlp Helse og Livsstil Coach. Om du treng litt hjelp eller råd på vegen til ein lettare livsstil både for deg sjølv og barna, ikkje nøl med å ta kontakt.
Eg er å treffe på nlpcoachingmore@yahoo.no og på tlf 909 61 611.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar