søndag 13. februar 2011

Raw turbar med næring!


I dag har vi vore i bakken og rent på slalåmski. Heile dagen… nyyyyydelig.  Eg og Markus har storkosa oss i bakken.  Når ein er vekk heile dagen og ein veit det ikkje er noko skikkelig mat å få tak i er det viktig å ta med seg det sjølve. Eg har laga Raw turbar med mykje supermat og godt fett!
Sett først omnen på 45 grader og ha ei skål med kakaofett. ( ikkje for mykje for vi skal bruke berre 7 ss ca)

Bland alt det tørr i en bolle:
300 gr grovknuste mandler
2 ss hempfrø
2 ss chia frø
2 ss kakao nibs
1 ts yacon pulver
1 ts lucuma
½ ts himalayasalt
2 ts vaniljepulver (fra helsekost)
4 ss gojibær  ( litt knuste i blenderen)
2 ss carob pulver
2 ss palme sukker
6 ss sesamfrø
2 ss råt kakaopulver
4 ss cocos mel
PS! Husk å sil alt som er pulver så det ikkje blir klumpa i blandinga.
Ha alt det våte i blenderen:
2 ss heimelaga mandelsmør
8 store bløtlagte dadler
4 ss cocosa økologisk kokosolje
3 ss yacon sirup
7 ss smelta kakaofett

Mix det til det blir en jevn masse så bland det i alt det tørre.  Eg bruker hendene og blander det godt sammen så det blir en seig masse. Pass på at den ikkje blir for tørr, for da smuldrer den opp.  Du kan godt ha i ei ekstra ss med kokosolje eller litt meir kakaosmør viss deigen blir for tørr.

Eg brukte ei form på ca 20x20 cm, hadde bakepapir i botnen slik eg skulle få den laus når den var stiv. Så trykte eg deigen godt saman og satt den i frysaren i ca ½ time. Tok den ut og skar den opp i passe store turbar str. Pakka dei inni papir en og en og frøys dei ned. Da har eg fix ferdige turbar når eg måtte ønske.  Dei kan også oppbevarast i kjøleskap men, da berre ei veke. I frysaren held det seg mykje lenger.

Pass på at stykka du skjer opp ikkje er for store, for den er faktisk ganske mektig og mettande.


                                      God tur!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar